Auke i arbeidsl?ysa
[Figur: Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Trem?naders
glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000]
[Figur: Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, trem?naders glidande
gjennomsnitt. 1999-2010. Prosent]
Dei arbeidslause utgjorde i februar 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette er
opp 0,2 prosentpoeng fr? november. Sysselsetjinga held seg stabil.
Den sesongjusterte arbeidsl?ysa auka med 5 000 personar fr? november
(gjennomsnitt for oktober-desember) til februar (gjennomsnitt for
januar-mars), viser arbeidskraftunders?kinga (AKU). Det var st?rst auke
blant personar mellom 25 og 74 ?r.
Til samanlikning auka talet p? registrerte arbeidslause hos NAV med om lag
1 000 personar i same perioden. P? grunn av ein nedgang for personar p?
arbeidsmarknadstiltak var den samla auken for registrerte ledige og
personar p? arbeidsmarknadstiltak p? under 1 000 personar. Ogs? desse tala
er justerte for sesongvariasjonar.
Arbeidsl?ysa for desember (gjennomsnitt for november-januar) og januar
(gjennomsnittet for desember-februar) er begge blitt reviderte opp 0,1
prosentpoeng, fr? 3,3 til 3,4 prosent.
[Figur: Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Trem?naders
glidande gjennomsnitt. 1999-2010. 1 000]
[Figur: Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte
arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, trem?naders
glidande gjennomsnitt. 1997-2010. 1 000]
Stabil sysselsetjing
Det var berre sm? endringar i sysselsetjinga mellom november 2009 og
februar 2010. Dei sesongjusterte tala viser ein auke p? 4 000 personar.
Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74
?r. Mellom november og februar ser vi ein oppgang i sysselsetjinga p?
4 000, mens vi har ein oppgang i talet p? arbeidslause p? 5 000. Dette gir
ein netto oppgang i arbeidsstyrken p? 9 000.
Samanheng mellom omgrepa
Arbeidslause + sysselsette = arbeidsstyrken
Arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga
Framleis auke i Europa
I februar utgjorde dei arbeidslause 9,5 prosent av arbeidsstyrken i EU-15,
opp 0,1 prosentpoeng fr? november. I Sverige steig arbeidsl?ysa med 0,3
prosentpoeng, til 9,0 prosent av arbeidsstyrken. Ogs? Danmark s?g ein auke
p? 0,3 prosentpoeng fr? november til februar og kom dermed opp i 7,5
prosent. USA viser for andre m?naden p? rad nedgang i arbeidsl?ysa, 9,7
prosent av arbeidsstyrken var heilt ledig i februar. Dette er ein nedgang
p? 0,3 prosentpoeng fr? november. Alle dei internasjonale tala er
sesongjusterte og henta fr? Eurostat.
[Figur: Sesongjustert arbeidsl?yse i utvalde land. 2004-2010. I prosent av
arbeidsstyrken ]
Sysselsetjing og arbeidsl?yse berre blant busette
AKU dekkjer berre dei som i folkeregisteret er registrerte som busette.
Personar som til d?mes arbeider i Noreg utan ? vere busette her, eller som
reknar med ? vere busette mindre enn seks m?nader, er difor ikkje med i
talet p? sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall
i sysselsetjinga eller auke i arbeidsl?ysa. I nasjonalrekneskapstala (NR)
vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet p? sysselsette s?
lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. G?r sysselsetjinga ned i denne
gruppa, sl?r difor dette ut som reduksjon i talet p? sysselsette i NR. SSB
gir ut ein eigen statistikk ein gong i ?ret for alle dei som ikkje er
registrerte som busette. Sj? Sysselsette og arbeidslause p?
korttidsopphald.
Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal
F?rem?let med sesongjusteringa er ? beskrive utviklinga gjennom ?ret,
reinse for sesongsvingingar. For ? redusere den statistiske uvissa er dei
publiserte AKU-tala trem?naders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte
tala. Til d?mes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli,
august og september. Uvisse i samband med utvalet f?rer likevel til at ein
m? ta omsyn til feilmarginar n?r ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis
samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande trem?nadersperiodane. Ein
oversikt over storleiken p? feilmarginane i AKU finst i Om statistikken,
punkt 5.3.
Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga
publisering.
Revisjon
For kvar ny m?nad blir heile tidsserien laga p? nytt, og tala fr?
tidlegare m?nader blir i blant endra noko. Sj? Revisjonsrutinar for meir
informasjon om dette.
http://www.ssb.no/akumnd/