Arbeidsliv Utdanning

Ny roman tematiserer det nye arbeidslivet i Europa; "Ho er fri" av Ingvild Holvik.

Ny roman tematiserer det nye arbeidslivet i Europa; "Ho er fri" av Ingvild Holvik.
Ingvild

Ingvild Holvik. Foto: Ida Berby Dato: 15-10-2020 09:37 CEST Opprinnelig tittel på pressemeldingen: Ny roman tematiserer det nye arbeidslivet i Europa; "Ho er fri" av Ingvild Holvik. Kategori: , Arkitektur Kunst, kultur, underholdning Arbeidsliv Sosiale spørsmål Ingvild Holvik

I den nye romanen Ho er fri  skriv Ingvild Holvik med det nye arbeidslivet i Europa som ramme. Ein kvardag som gjer at familiar vert splitta og lever usikre jobbliv på ulike kantar av kontinentet.

Andrea bur i utkanten av Europa, i ein halvt ungarsk, halvt serbisk by, der ho tar seg av mor si, sonen János og hunden Emma. Men ting er i endring i heimbyen. Mannen og dottera har flytta til Sverige, der sjansen for å tene til opphald for livet er betre. Avgjerda om å bu i kvart sitt land har tvinga seg fram av rein naud, og frustrasjonen ved å vere så langt frå kvarandre på ubestemt tid blir ein del av kvardagen. Er det i det heile realistisk å samle familien igjen, så lenge kampen for tilværet her og no et opp trua på framtida?

Med truverdige skildringar og språkleg kontroll lar Holvik oss komme tett innpå karakterane og miljøet og lar oss kjenne desperasjonen som mange i Europa dagleg kjenner på kroppen. «Ho er fri» er ei gripande livsskildring, smart tenkt og usentimentalt utført.

Ingvild Holvik (f. 1976) debuterte til strålande kritikkar i 2010 med romanen Lykkefeltet. Dei gode kritikkane heldt fram med andreboka Premien for alt (2017). Holvik har også omsett Maren Uthaugs Der det finst fuglar og Attila Bartis' Stillheten, og blei nominert til Brageprisen for sistnemnde. Holvik er frå Bergen og bur i Tromsø. Kilde: Pressekontor Samlaget – PRESSEMELDING – ———— Hashtags: # #Arkitektur Kunst, kultur, underholdning Arbeidsliv Sosiale spørsmål Arkitektur Kunst, kultur, underholdning Arbeidsliv Sosiale spørsmål

A to już wiesz?  Barnas Valg 2019: Nå skal barna stemme!

Artykuly o tym samym temacie, podobne tematy